Ratatosk er eit idealistisk tidsskrift som legg vekt på på kvalitet. Eit viktig mål for Ratatosk er å presentere unge, nyskapande forfattarar og kunstnarar. Vi ynskjer å publisere tekstar med lang haldbarheitstid og som aktiviserer lesarane. Ratatosk vil bidra til å vidareutvikle og å synleggjera det litterære og kreative miljøet i Midt-Noreg. Ratatosk er eit desentraliserande tidsskrift. Framgangsmåten vår er av ein litterær og produktiv art.
Namnet Ratatosk er henta frå norrøn mytologi. Det halvfrekke og nysgjerrige ekornet Ratatosk sprang opp og ned i treet Yggdrasil med bodskap mellom dragen ved røtene og ørnene i toppen. Også tidsskriftet Ratatosk skal fungere som ein formidlar. Ratatosk vart etablert i Trondheim i 2004, av David Aasen, Dag Jørgen Hansen og Guri Sørumgård Botheim. Tidsskriftet er i dag eit samarbeidsprosjekt mellom forfattarmiljøet i Trondheim og det litteraturvitskaplege miljøet ved NTNU. Vi kombinerer det kreative og det akademiske.
Målgruppa vår er forfattarar, studentar, forskarar og andre litteratur- og kulturinteresserte. Vi publiserer samtaler, skjønnlitteratur, essay, artiklar, kritikk, foto, presentasjonar, m.m. I tilknyting til utgjevingane våre arrangerer vi sleppfestar der vi presenterer bidragsytarar og andre kunstnarar.
Ratatosk blir støtta av Norsk kulturråd og er medlem i Norsk Tidsskriftforening.
Bidrag: Dersom du har lyst til å sende inn bidrag til Ratatosk, så ta gjerne kontakt med oss slik at du får informasjon om tematikken i neste nummer. Tekstane bør ikkje overstige 10 wordsider. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å honorere bidragsytarane. Bidrag kan sendast til
guri@ratatosknett.org.